På Måkeslottet vektlegg me å etablera gode relasjonar mellom barn og vaksne. Grunnverdiar som respekt, toleranse, likeverd vert ivaretatt ved at barna vert bekrefta og anerkjent for sine tankar og følelsar. Me ynskjer at barna skal vera trygge difor vektlegg me gode faste rutinar. Det skapar ein trygg og oversiktleg kvardag. Me ynskjer å vera autoritative vaksne det vil sei varme grensesettande vaksne.
Foreldresamarbeid er svært viktig for å kunna legga til rette for ein å best mogleg dag er for barnet. Foreldra er vår viktigaste samarbeidspartnar. Dei er ekspertar på sine barn og gjennom samarbeid kjem me fram til det beste for barnet.
Vennskap er eit tema me har fokus på heile tida. Kva er ein venn, korleis får me venner, korleis vera ein god venn, kva kan venner finne på, kva når venner blir uvenner. Å ha venner skaper trivsel. Det er også eit ledd i å forebygga mobbing og utestenging. Eit av tiltaka er fadderordning der dei eldste barna er fadder for dei yngre barna. Der dei får oppgåve som å hjelpa barnet , sit ved sida av barnet, invitera barne med i leiken, går saman på tur, dekka på bordet mm.
Leik er viktig. Det er gjennom leiken at barna prøver ut ,lærer og bygger vennskap. Rammeplanen er vårt arbeidsdokument. Ut frå fagområda legg me til rette for ulike tema som gjev barna ny kunnskap og opplevingar. Dette skapar felles erfaringar og inspirasjon til leiken som er den viktigaste aktiviteten vår.
Me ynskjer å legga til rette for at barna skal oppleva glede, humor, leik utfordringar og meistring. Barnegruppa på Måkeslottet er kreative på så mange måtar og veldig glad i å laga eigne show. Det er nye oppsetjingar kvar dag så det er berre å ta plass.
I samlingsstund på Måkeslottet startar me med song. Innholdet varier alt etter kva som er tema. Barna får vera deltakande i eit fellesskap der alle vert høyrd. Me øver på å venta på tur, rekka opp handa, ta ordet og lytta. Me har «ukas hjelpar» om hausten og «ukas måkeslott barn» om vinteren. Då får barna øvd på å vera i fokus etter tur. Barnet får sitta framme i samling, og delta på ulikt vis. Det er veldig stas. Ekstra stas er det å vera Ukas måkeslott barn. Då er fokuset enno meir retta mot det enkelte barna som får eige dikt, fokus på første lyden i namnet, vel form mm.
Me deler oss inn i grupper etter alder og på tvers av alder. Her har me ulike aktivitetar. I små grupper er det lettare for den enkelte å verta sett og høyrd.
Barna er glad i å gå på tur i nærområdet og ta bussen til nye plasser. Me er så heldig å ha skogen som nærmaste nabo. Her får barna utfolda seg, bruka kroppen og fantasien på ein anna måte enn inne i barnehagen. I skogen opplever me skifte i årstider, studerer dyre og planteliv, går i ulendt terreng, klatrar, balansere bygger hytter, plukkar blomster og bær mm.
Måkeslottet skal vera ein god stad å vera! Ein plass der leik, glede, meistring og utvikling legg eit godt grunnlag for vidare utvikling.